onsdag 10. desember 2008

10.

2 veker igjen.

Vi har nydeleg ver for tida, men litt kaldt er det. Og jammen vert det tidleg mørkt. Einaste fordelen med det er at eg kan beundre stjernehimmelen på veg heim frå jobb.

Spesielt er Venus og Jupiter flotte på himmelen no for tida. Dei lyser sterkt i sørvest nokre timar etter solnedgang. Venus er størst, Jupiter er til høgre. Ta ein kikk de også. (Og på fredag er det fullmåne).

2008_12100001

Julegåveverkstaden hos meg går litt treigare enn eg hadde tenkt. Berre ei ny gåve i dag. Og den trur eg eg kan vise fram, sidan nevøen på 2,5 ikkje er så ofte her inne... Fekk tips frå mora om at han har begynt å kreve varmeflaske i senga om kvelden. Og han likar lokomotivet Thomas. Så varmeflasketrekk med Thomas på burde vere perfekt. Brukte mest tid på applikeringa av Thomas på fleecen, så sjølve utforminga av trekket tok eg ikkje så nøye denne gongen. Det vart litt skeivt og bulkete...

2008_12100002 2008_12100003

Og sidan det er onsdag og snart helg igjen, legg eg ved litt musikk.

 

I made this hot water bottle-cover today. My nephew want a hot water bottle in his bed at night, and he loves Thomas the tank engine. Maybe I get to be a favourite aunt for a while after this...

And since it's Wednesday and allmost weekend again I have some swedish Christmas music for you.

Have a nice Thursday.

2 kommentarer:

  1. Ennå en god ide. Du er jammen kreativ. Jentene mine bruker varmeflaske i sengen hele vinterhalvåret, kanskje de kunne få noen fine trekk. Thomas-applikasjonen var utrolig flott.

    SvarSlett
  2. Ah, en varmeflaskepute! Tipper det blir en strålende fornøyd 2,5-åring på julaften.

    SvarSlett

Takk for kommentaren, stikk gjerne innom igjen!
Thanks for commenting and welcome back!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails