lørdag 27. juni 2009

Q

Ikkje så mykje å velge mellom på bokstaven Q.

Det bli quilting for meg også.

bm quilt

Eg har laga nokre tepper. Nokre av dei er litt juksequiltar, med lappe-farmside og fleece bak (og ikkje forside+vatt+bakside som i ein skikkeleg quilt).

quilt - ferdig

Eg har mest quilta teppa mine med rette linjer, men ønsker å bli flinkare til frihandsquilting. Det har eg berre prøvd meg litt på, rundt kanten på miniquilten under her.

 2009_03110006

Fleire innlegg om Q finn de her.

tirsdag 23. juni 2009

Pakking

Sånn såg det ut på verandaen min i dag. Eg skal flytte frå sørlandet, og starta med pakking her heime i dag. Begynte med å gå gjennom nokre kasser har stått ei stund. Det blei litt mimring då.

2009_06230011

Fann ut at det var på tide å slanke permane frå studiet; og pedagogikkbøkene havnar også andre stader no.

Og sjå kva eg fann: Klistremerkesamlinga mi. Frå den gong det ikkje var så mange klistremerker i omløp. I alle fall ikkje der eg budde. Og vi gjekk ikkje og kjøpte dei akkurat. Så her i boksa har vi klistremerker om alt frå traktorar, lyktestolpar, støvsugarar til skomerke og melk…

2009_06230014

Litt historie bak nokre av merka såg eg. Og vi kan kanskje regne dei som antikvitetar no? Dei er frå forrige århundre…

2009_06230013

Sjå berre:

Tyggisklistremerker, m.a. med John Travolta. Det var då Grease kom, og eg fekk aldri med meg heilt kva det var sidan eg ikkje var gammal nok til å sjå den på kino.

Andre kule folk på den tida var visst, Bee Gees, Boney M og Smokie…

Og eit merke frå VM i Oslo i –82.

Og skolesvømmingen som eg ikkje kan hugse at eg var med på…

Og “Varig vern av Alta-Kautokeinovassdraget”… (Vi budde i Karasjok på den tida.)

Nokon som hadde atOmic jeans? Trur eg berre hadde klistremerket…

Kva samla du på? Har du enno ei samling frå fordums dager i ei av kassene dine?

2009_06230019

Eg nyt jonsok-kvelden frå sofakroken og strikkar litt på eit baktus-skjerf. Meir rydding (og kanskje meir mimring) i morgon.

Ha ein fin jonsokkveld :)

-----

I’m moving this summer and have started packing in my flat. Had to go through some old boxes first. Lots af papers and books I don’t need anymore…

And I also came across my old stickers collection. From way back in another century…

Lots of memories there…

søndag 21. juni 2009

P

Eg tok ein tur til dvd-hylla for bokstaven P…. For kven kan vel gløyme desse karane med navn på P:

pomp

Pompel og Pilt!

Vart du skræmt no?!

Dei to reparatørane har satt djupe spor i ein generasjon. Eg hugsar det var skummelt, men vi satt og såg likevel. Serien  var laga av Bjørg og Arne mykle og den hadde berre 5 episoder. Den vart første gong sendt i 1969 og så reprise 4 gonger før NRK  fann ut at den ikkje var eigna for barn. Etter ti år blei den sendt ein gong til (etter press frå publikum).

p&p5

Kva i all verden betyr pre-ironisk?? Her hos Christins mimreside kan du lese meir om serien (og om mange andre gamle Barne-TV-heltar.)

Visste du forresten at karane eigentleg hadde oransje frakkar:

p&p6

Og du kan altså kjøpe dvd no for tida. Den har eg, men eg tør ikkje sjå den for ofte…

2009_06210026

Her kan de sjå eit klipp. Eg fekk ikkje lagt det inn i dag.

Bilda her har eg lånt frå nrk og Christins mimreside.

Fleire innlegg om P finn de her.

lørdag 20. juni 2009

Blomsterkvadrat

2009_05160035

Eg har fått lov av Beata frå Rose Hip Til å oversette blomsterkvadrat-oppskrifta hennar. Så då gjer eg eit forsøk…

Start: 4 lm, 1 kjm i 1. lm. 

1. runde: 4 lm (regnast som 1 st, 1 lm), * 1 st i ringen, 1 lm ** , repeter * til ** 6 gonger. Fest med kjm i 3. lm i første lm-stav. No skal du ha 8 lm-buer. Slutt med denne fargen.

2. runde: (Ny farge) Start i ei av lm-buene. * 1 fm, 3 st, 1 fm ** i lm-bua; repeter * til ** i dei neste 7 lm-buene. Fest med kjm i første fm. No skal du ha 8 små kronblad rundt midten.

3. runde: 1 lm, (og no skal du arbeide bak dei første kronblada), 1 kjm i basen (#) til den siste fm i forrige runde. 4 lm, 1 fm i basen til neste fm (mellom dei neste to kronblada), * 3 lm, 1 fm i neste fm-base (mellom neste 2 kronblad) **; repeter * til ** 5 gonger, 3 lm, 1 kjm i første lm i 4 lm i starten. No skal du ha ei lm-bue bak alle kronblada frå runde 2.

4. runde: 1 lm, * 1 fm, 5 st, 1 lm ** i første lm-bue; repeter * til ** i alle lm-buene. Avslutt med kjm i første fm. Slutt med denne fargen.

5. runde: (No skal du lage bakgrunn bak kronblada) Start med ny farge i basen (#) til ei av fm i forrige runde. 3 lm (reknast som 1 st), 2 st i same fm, 1 lm. I neste fm-base (mellom neste 2 kronblad) * 3 st, 1 lm, 3 st (hjørne), 1 lm, 3 st i neste fm-base, 1 lm**; repeter * til ** 3 gonger, slutt med kjm i toppen av første stav.

6. runde: 1 lm, * 1 fm i neste tre st, 1 fm i lm-bue, 1 fm i neste tre st, 3 fm i hjørne-lm-bue, 1 fm i neste 3 st, 1 fm i lm-bue **; repeter * til ** 3 gonger, slutt med 1 kjm i første fm.

Eg har avslutta med ei 7. runde i kvitt; då heklar du 1 fm i alle fm og 3 fm i hjørnene.

 

(#)  Basen av fm vil seie den delen av fm som går rundt lm-bua.

 

Originalen på engelsk finn du her.

Håper de gjer eit forsøk. Sei ifrå dersom de finn feil nokon stad :)

 

This a translation of a crochet pattern from Rose Hip.

mandag 15. juni 2009

Rydding

No er det slutten på eit skuleår, og tid for rydding. I alle fall for slike som meg som sparar og sparar på allverdens saker og ting gjennom skuleåret (-åra…) Kjekt å ha…osv…

Klassa skal inn i nytt rom byttast og då må det gamle tømmast. I år vert det ekstra mykje rydding for meg, sidan eg skal ta til på ein ny arbeidsplass til hausten. Eg har som regel den mest overfyllte kontorpulten… Men no får eg verkeleg høve til å kvitte meg med unødvendige saker og ting. Det er i alle fall målet.

Så dette er rydde-litt-på-pulten-og-kaste-litt-papir-føtene mine i dag. Det er mange fleire papirbunkar å sjå gjennom :)

2009_06150055

Gjorde ferdig denne veska etter jobb i dag. Eg begynner å bli god på desse veskene no, synest eg. Eg har laga 4 i lin, denne gongen vart ein raud variant som de ser, bestilling frå ein korkollega.

Og sjå: Regulerbar reim! Ein smule avansert, ikkje sant?  (*smilar fornøgd*)

2009_06140044

2009_06140046

Todays feet are me trying to tidy my office space at work. So many papers to go through and throw away…

I finished this bag today. A friend wanted a red bag. It’s another messenger bag, I’ve made many in linen before. And look: An adjustable strap! I’m really pleased I found out how to make that. (Not very complicated, after all…)

søndag 14. juni 2009

Føter igjen

Merete dreg i gong med ei ny veke med Nordiske føtter no.

Dette er den siste veka før sommarferien, og det er vel den veka føtene får gått mest på jobb. Det har i alle fall vore slik dei fleste åra eg har jobba i skulen. No skal det ryddast, byttast klasserom og kontor og det vert ein del vandring i gangane – fram og tilbake med kasser og utstyr.

Men no i helga har vi slappa av, føtene og eg…

Ha ei fin nesten-sommarferie-veke!2009_06130056 2009_06140036

It’s a new week looking at our Nordic feet. It’s the last week before summer, which is the busiest week in school. We’re changing classrooms and office and there’s a lot of tidying up and carrying stuff from one room to another. And a lot of walking…

Have a nice week!

Og vinnaren blei…

995429-070

Eg har trekt ut ein vinnar mellom dei 21 som la igjen kommentar på bursdagsinnlegget mitt. Og den heldige vart nr 16 : Beate.

Ho må sende meg ein e-post med adressa si, og så skal eg få sendt ein premie avgarde etterkvart.

(Så fort eg får det til, denne siste veka før ferien blir hektisk…)

lørdag 13. juni 2009

O

O for Opera! Og då spesielt den nye Operaen i Oslo.

Eg har enno ikkje vore på noko forestilling i det nye bygget, men håpar eg får høve til det snart. Enn så lenge får eg nøye meg med operamusikk på cd, og spaserturar i området når eg er på Oslotur.

Desse bilda er frå spaserturar der i mai og juni ifjor.

opera2

opera3

opera4

opera5

Kan de sjå fotografen?

opera7

opera9

Fine detaljar både ute og inne.

opera11 

Solnedgang

opera1 opera3

opera2

Fleire o-innlegg her.

mandag 8. juni 2009

Diggiloo, diggiley,……

… når eg går i mine gylne sko…

Nei, eg har ikkje akkurat gått rundt og tenkt at eg treng eit par gullsko. Men eg stakk innom bruktbutikken på torsdag, og der stod det eit par.

2009_06040073 2009_06040074

2009_06040075 2009_06040076

2009_06040077

Italienske…, skinn både over under og inni…, høge hælar…, rett str. …. Vel, -dei vart med meg heim. Så no manglar eg berre invitasjon til ballet :)

(Vær så snill og oversjå mine vinterbleike bein.)

Eit par andre saker blei også med meg:

2009_06040078

Dette freshe dynetrekket som eg tenker kan bli til både det eine og det andre,

2009_06040079

og denne koselege Hans og Grete-tallerkenen frå Figgjo.

PS: De tåler kanskje eit gjensyn med andre i gullsko?….

-------

My latest thriftshop finds. Yes, I now have golden shoes :)

N

N for Natt-og-dag (som eg kallar den eller Stemorsblomst som den heiter i bøkene…).

Ein av dei finaste vårblomstarne etter mi meining.

1

Denne fantastiske marka fann eg rett ved sidan av skulen min i fjor. Dessverre vart ho pløyd i år, så då kom det ingen blomstrar.

2

Visste de at dei mørke stripene på kronblada er “landingsstriper” for insekt? Stripene og den gule fargen viser insekta tydeleg kvar dei skal lande for å få tak i nektar (og pollen slik at dei gjer jobben sin).

Navnet “Natt og dag” kjem av fargane på kronblada; den lyse dagen nede og den mørke natta oppe.

Navnet Stemorsblomst finst i fleire land. Forklaringa på det er slik: Det største kronbladet er stemora. Ho sit på to krakkar (to begerblad) og har rømmegrautfatet (den gule flekken) i fanget. Hennar eigne døtre (kronblada på sidene) har ein stol (eit begerblad) kvar og dei får også litt rømmergraut (litt gult på dei), medan dei to stedøtrene (dei øverste kronblada) har ein stol (eit begerblad) på deling, og dei får ikkje graut.

abc

Fleire innlegg om N hos Petunia.

torsdag 4. juni 2009

Sirkel i kvadrat… Circle in a square...


ETA: You can find an all English version of the pattern here.

Her skal eg prøve å skrive ned ei oppskrift. Det finst sikkert mange forskjellige måtar å lage bestemorruter som dette, men her er min metode. Håper de gir beskjed dersom noko er vanskeleg å skjøne. (Heklespråket er lettare å lese enn å skrive ned… )

I will try to translate this to English. Please let me know if something is difficult to understand. I’m using US terminology.
ch = chain, st = stitch, ss = slip stitch, dc = double crochet
(Follow the link to pages explaining the stitches.)
2009_06030071 2009_06030072
Start: Hekle 5 lm, samle til ein ring m 1 kjm i første lm.
Start: make 5 ch, join with ss into a ring.
2009_06030074
1. runde: 4 lm (=1 st,1 lm), 1 st + 1 lm 11 g. Slutt m 1 kjm i 3. lm. Til saman 12 st.
1st round: 4ch (=1dc,1ch), 1dc + 1ch 11 times. Join with ss in 3rd ch. 12 dc.
2009_06040081 2009_06030076
2. runde: Start i ei av lm-buene. 3 lm (=1 stav), 1 st, 1 lm, *2 st, 1 lm* i resten av lm-buene. Slutt m 1 kjm i 3. lm. Til saman 12 grupper m 2 st.
2nd round: Start in one of the ch spaces. 3 ch (= 1dc), 1dc, 1ch, *2dc, 1ch* in the remaining ch spaces. Join with ss in 3rd ch. 12 groups of 2 dc.
2009_06030077 2009_06030078
3. runde: Start i ei av lm-buene. 3 lm (=1 st)+ 2 st i lmb, 1 lm, *3 st,1 lm* i resten av lm-buene. Slutt m 1 kjm i 3. lm. Til saman 12 grupper m 3 st.
3rd round: Start in one of the ch spaces. 3 ch (= 1dc), 2dc in ch space, 1ch, *3dc, 1ch* in the remaining ch spaces. Join with ss in 3rd ch. 12 groups of 3 dc.
2009_06030081 2009_06030084
2009_06030085 2009_06030086
4. runde: Start i ei lm-bue. 4 lm (=1 dst), 1 dst, 3 lm, 2 dst, (=1. hjørne), *1 lm, (2 st, 1 lm, 2 st) i neste lm-bue, 1 lm, (2 st, 1 lm, 2 st) i neste lm-bue, 1 lm, 2 dst, 3 lm, 2 dts, (=2. hjørne)**, gjenta * til ** 2 gonger, 1 lm, (2 st, 1 lm, 2 st) i dei neste to lm-buene, 1 lm, slutt med 1 kjm i 4. lm.
4th round: Start in one of the ch spaces. 4ch (= 1 tr), 1tr, 3ch, 2tr, (=1st corner), *1ch, (2dc,1ch,2dc) in next ch space, 1ch, (2dc,1ch,2dc) in next ch space, 1ch, (2tr, 3ch, 2tr) (=2nd corner)**, repeat * to ** 2 times, 1ch, (2dc, 1ch, 2dc) inthe next two ch spaces, 1ch. Join with ss to 4th ch.
Eg likar samlebandsmetoden, så eg heklar opp ein haug med sirklar før eg tar siste runda.
I like the assemblyline method so I prefer to make a lot of circles before I start the 4th round.
2009_06030080
Eg heklar firkantane saman på siste runda. Prøver å vise det her. Moonstitches har også ei veldig fin forklaring på denne metoden. (Ho heklar saman sekskantar, men prinsippet er det same).
I join the squares in the last round, like I show here. Moonstitches have a great tutorial for joining hexagons. It’s mostly the same. The squares are joined together in the corners and at two places on the sides.
2009_06030087
Start i eit hjørne. Hekle 2 dst, 1. lm, 2. lm heklast gjennom hjørnebua på forrige firkant, hekle 3. lm vanleg.
Start in a corner. Crochet 2tr, 1ch,next ch through the corner of the other square, 1ch, 2tr. (The first corner is done)
2009_060300882009_06030089
På sidene heklast lm mellom st saman med forrige firkant.
Side: 1ch,(2dc, 1ch through 1ch on other square, 2dc), 1ch (2dc, 1ch through 1ch on other square, 2dc), 1ch
2009_06030090 2009_06030091
Neste hjørne: Hekle første lm, andre lm heklast saman med firkanten til høgre, tredje lm heklast saman med firkanten rett over (sjå på bildet),
Next corner (where you will join square to the square to the right and the one above): 2tr, 1ch, 1ch through corner of square to the right, 1 ch through corner of the square above, 2 tr.
2009_06030093
På langsida heklast lm mellom stavane saman. I neste hjørne hekle 1 lm, 2. lm heklast gjennom hjørnet i ruta over (sjå bildet). Hekle resten som vanleg.
Do the next side as the first. In the next corner you crochet 1 ch through the corner of the square above. Finish the round as in pattern.
2009_06030094
2009_06030095
Var dette forståeleg? Håpar det :)
Hope you understand this:)
------------------
Edit: Details about my blanket and the border here.

Ravelry - "Flowers in the snow"


And, if you use this pattern, come and join the flickr group too!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails