torsdag 17. desember 2009

16. + 17.

DSCF1763

Då har eg kome litt nedover lista mi. Nokre gåver er ute av huset. Men eg strikkar framleis på andre, og nokon har eg ikkje begynt å tenke på enno.

Og så var det julekorta… Kanskje, muligens er det mogleg å få gjort dei i løpet av helga. Etter at eg har testa julestresset på Moa… Skal ut og besøke søster som akkurat har flytta inn i nytt (gammalt) hus – og då kan vi ta ein kjøpesenterrunde i same slengen. Har ikkje tenkt å ta det med ro og berre kike på livet. (Og kanskje handle litt…)

Eg var ganske fornøgd med å starte skuleåret litt seint i august, men er ikkje fullt så nøgd no, når vi må skule på mandag og tysdag også. Kjenner at det skal passe bra med juleferie no, ja…

Ha ein fin fredag.

---------

I'm working on my to do-list. Some presents are out of the house, but I'm still knitting on some, and others are not planned yet.

And then there is the Christmas cards...

2 kommentarer:

  1. Nydelig innpakkede gaver!
    Håper turen til Moa blir bra!

    Fortsatt fin advent!

    SvarSlett
  2. Tja, det hastar no, men du har enno litt tid at.. Og enkelte jobbar best under press..

    SvarSlett

Takk for kommentaren, stikk gjerne innom igjen!
Thanks for commenting and welcome back!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails